Historia om Sonja, og korleis ho til slutt finn igjen julestjerna, har trollbunde barn og vaksne i mange generasjonar, heilt sidan ho vart sett opp første gong jula 1924. I over hundre år har julegleda og teatermagien begeistra små og store. Ved å bruka leik, humor og element frå heile teaterhistoria, både i scenografi og kostyme, bevarast den varme julenostalgien til framsyninga, og den viktige bodskapen i stykket blir reindyrka: Følgjer ein hjartet sitt og er god mot andre, så vil ein sigra over det som er vondt og vanskeleg – ein bodskap som er minst like relevant i dag som då stykket vart skrive.
Me lovar ein uforgløymeleg og vakker kveld i teateret for barn i alle aldrar. Me lovar også at Sonja får julestjerna si til slutt.
Og som Sverre Brandt skreiv til barna i 1924: "Måtte du få din! For det finst ei julestjerne for alle. Det gjeld berre at me leitar på den rette måten."
Av: Sverre Brandt
Regi: Ingrid Kummeneje
Musikk av: Johan A. Halvorsen
Arrangert av: Per Christian Revholt
Plakat av: Tiril Aurora Nyland
Forestillingen er klarert av Dramas – manus- og rettighetstjenesten for norsk amatørteater.
*Kjøpte billetter refunderes ikke.
Ukedager | Dato | Tidspunkt | Sted |
|---|---|---|---|
| Fredag | 27.11.2026 27.11.2026 | 18:00 19:30 | BUL-salen |
| Lørdag | 28.11.2026 28.11.2026 | 15:00 16:30 | BUL-salen |
| Søndag | 29.11.2026 29.11.2026 | 15:00 16:30 | BUL-salen |
| Tirsdag | 01.12.2026 01.12.2026 | 18:00 19:30 | BUL-salen |
| Torsdag | 03.12.2026 03.12.2026 | 18:00 19:30 | BUL-salen |
| Fredag | 04.12.2026 04.12.2026 | 18:00 19:30 | BUL-salen |
| Lørdag | 05.12.2026 05.12.2026 | 15:00 16:30 | BUL-salen |
| Søndag | 06.12.2026 06.12.2026 | 15:00 16:30 | BUL-salen |
| Onsdag | 02.12.2026 02.12.2026 | 18:00 19:30 | BUL-salen |

