Lansering av årets Jul i Trøndelag

Trønderlaget av Noregs Mållag inviterer til lansering og feiring av årets Jul i Trøndelag!

Redaktør Espen Tørset fortel om årets utgåve, og vi får besøk av fleire av bidragsytarane.

Erlend Skjetne frå Melhus og Trondheim er forfattar som har fått mykje ros for bøkene sine. I kveld får vi ein smakebit frå den ferske diktsamlinga Råemne.

Inge Haukvik frå Børsa er ein av våre største Alf Prøysen-kjennarar. Han fortel om arbeidet med Prøysen-samlinga og kvifor vi fortsatt elskar tekstane og songane til husmannssonen frå Ringerike.

Vi markerer at Julekveldsvisa er 75 år og Olav Duun er 150 år.

Det blir ein kveld som vil by på overraskingar, opplesingar og allsong frå den nynorske songskatten. Eit nytt Jul i Trøndelag er verdt å feire!

Arrangør: Trønderlaget av Noregs Mållag

Sted: Sellanraa

Foto: Leikny Havik Skjærseth

    Ukedager
    Dato
    Tidspunkt
    Sted
    Tirsdag

    10.11.2026

    10.11.2026

    19:00

    20:30

    Litteraturhuset i Trondheim