Huskonsert: Tomás del Real

Tomás er ein låtskrivar frå Chile. Han speler medrivande gitar i søramerikansk tradisjon og syng ømt om ting som står han nært. For tida er han på turné i Europa. Då eg fann ut han skulle til Trondheim spurte eg om ikkje han ville komma til Røros òg.
Dette blir ein konsert som passar den tungrodde seinsommaren og dei uføreseielege hundedagane heilt ypparleg.

Ta med deg kven du vil.
Artisten speler for hatten.

———————- MEIR INFO ——————–
Tomás del Real har turnert i meir enn 25 land og utgitt 5 studioalbum – 4 i sitt eige namn og eitt som del av duo-prosjektet Don't Chase the Lizard. Med sistnemnde prosjekt vart han i år nominert som beste låtskrivar i den chilenske ekvivalenten til Spellemannsprisen – Premios Pulsar. Han er no på turné i Europa i samband med lanseringa av sitt ferske album «Principios de Declaración».

    Type
    Pris
    Kommentar
    Gratis0,00 Billetter
    Weekdays
    Date
    Time
    Location
    Torsdag

    17.08.2023

    17.08.2023

    20:00

    21:30

    ---