© Tor Siverstøl

Gjensyn med «Der ingen kunne tru at nokon kunne bu»

Oddgeir Bruaset skapte TV-serien «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» – til saman 72 program fordelt på 12 år.
Etter at han pensjonerte seg, har han stadig fått spørsmål om korleis det har gått med alle dei han laga program om. Lev dei? Bur dei der enno? Driv dei på same vis? Eller gjer dei noko heilt anna? Etter kvart vart spørsmåla så mange at Bruaset skjøna at han burde skrive bok om det som har skjedd med alle dei han har besøkt der ute. Boka kom ut før jul i fjor. Han kalla henne Gjensyn, og nesten alle stadene han var innom er med.
Tysdag 5. september er han i Morgenrøden for å fortelje korleis det har gått med utkantfolket, samstundes som han viser bilde av dei, slik dei såg ut då dei deltok i TV-serien – og slik dei ser ut i dag. Mykje av det han fortel, vil overraske, trur han. Etter foredraget blir det høve til å kjøpe boka og få ei personleg helsing.

Foto; Tor Siverstøl

    Type
    Pris
    Kommentar
    Voksen100,00 Billetter
    Weekdays
    Date
    Time
    Location
    Tirsdag

    05.09.2023

    05.09.2023

    19:00

    20:30

    ---