Alice i eventyrland

I år er det 40 år sidan Teaterlaget i BUL i Nidaros sette opp si første framsyning på Munkholmen!
Under årets jubileumsframsyning er me endeleg tilbake på holmen- og me skal verkeleg slå på stortromma. I Mads Bones' og Olve Løseths sprudlande tolking av Lewis Carrolls Alice i eventyrland vil både barn og vaksne få høve til å dra på smilebandet.

Alice følgjer etter kaninen, som er statssekretær i eventyrlandet. Kaninen har hovudansvar for danseband-festivalen i Folkparken der Dronninga skal opptre. Alle må komme- viss ikkje vil hovud rulla! Men i eventyrland kan alt skje, så bli med Alice på den drøymande reisa hennar.

Regi: Ingrid Kummeneje
Musikalsk ansvarleg: Øyvind Jo Heimdal Eik

    Weekdays
    Date
    Time
    Location
    Torsdag

    27.06.2024

    27.06.2024

    18:30

    20:30

    Munkholmen